«Kvite fuglar- Tor Jonsson i fargar» - Rogaland Teater - responsive
Rogaland Teater
Rogaland Teater
«Kvite fuglar- Tor Jonsson i fargar»
Det kvite og svarte er sterke symbol i poesien, ikkje minst hos diktaren Tor Jonsson.

Foajéen:
25.mar -  25.mar 2017
«Kvite fuglar- Tor Jonsson i fargar»
Det kvite og svarte er sterke symbol i poesien, ikkje minst hos diktaren Tor Jonsson.
Men tekstane hans kan også vera fargerike! 

Laurdag 25. mars inviterer Rogaland Teater til intimforestilling i foajeen; ei poetisk og musikalsk reise gjennom diktaren Tor Jonssons liv og dikt. Skodespelaren Hallgjerd Byrkjeland og cellisten Katarina Svendsen har lytta seg inn i tekstane hans, og i forestillinga vekslar biografi, lyrikk og prosa med musikk, mellom anna av komponistvenen Sparre Olsen. 

Forestillinga Kvite fuglar, blei laga i høve 100 årsjubileet for Tor Jonsson i 2016, og premieren var i det gamle, ærverdige Valbergtårnet i Stavanger. 

- Men om jubileet er over; Tor Jonssons kvite fuglar lever vidare!
Hallgjerd Byrkjeland er frilans skodespelar og sceneinstruktør med særleg interesse for nynorsk lyrikk. På midten av nittitalet laga ho Lengsla bygde katedralar, med dikt av Tor Jonsson formidla skiftevis i samarbeid med mannskor og songaren Torben Grue. I 1998 framførde ho dikt av Tor Jonsson under opninga av Dei Nynorske Festspela. I 2015 utvikla ho i samarbeid med Mette Arnstad og Ivan Sarajishvili (orgel) ei scenisk framstilling av tekstar frå Jon Fosse si bok Mysteriet i trua. Denne har til no blitt framført i Stavanger domkyrkje (november 2015, januar 2016) og i Bodø domkyrkje under Bodø internasjonale orgelfestival, 2016. Byrkjeland og Arnstad har også bak seg eit mangeårig samarbeid i Rogaland Teaters TakeAway-forestilling Kulturkjerringene kommer! En poetisk time med glimt bak pannen.

Katarina Svendsen er fast tilsett som cellist i Stavanger Symfoniorkester, men har tidlegare arbeidd frilans for fleire norske orkester. Ho har også hatt oppdrag for NRK TV og delteke på CD-innspelingar, m.a. Flûterie (2008) med musikk til dikt av Helge Torvund, i samarbeid med Elisabeth Barstad, fløyte og Eddie Andresen, slagverk.




 

Varighet:
50 minutter
Medvirkende:
Hallgjerd Byrkjeland og Katarina Svendsen. 

Hovedsamarbeidspartnere:

Conoco Phillips
OBOS

SAMARBEIDSPARTNER:

Repsol Primær
Lyse

Støttespillere:

Stavanger Aftenblad
Viking Fotball
Clarion Stavanger by Nordic Choice
Stavanger Forum

Eiere:

Kulturdepartementet
Rogaland Fylkeskommune
Stavanger Kommune

Hovedsamarbeidspartnere:

Conoco Phillips
OBOS

SAMARBEIDSPARTNER:

Repsol Primær
Lyse

Støttespillere:

Viking Fotball
Clarion Stavanger by Nordic Choice
Stavanger Aftenblad
Stavanger Forum

Eiere:

Kulturdepartementet
Rogaland Fylkeskommune
Stavanger Kommune

Hovedsamarbeidspartnere:

Conoco Phillips
OBOS

SAMARBEIDSPARTNER:

Repsol Primær
Lyse

Støttespillere:

Stavanger Aftenblad
Viking Fotball
Clarion Stavanger by Nordic Choice
Stavanger Forum

Eiere:

Kulturdepartementet
Rogaland Fylkeskommune
Stavanger Kommune