Skole - Rogaland Teater - responsive

Teater på timeplanen

teaterpaatimeplanen01
– Ein har nok eit nærare forhold til Arne Garborg om ein har sett teateroppsetjinga av Haugtussa, trur vidaregåandelærar Marita Aksnes.

Marita Aksnes er lektor i norsk og i kommunikasjon og kultur ved Stavanger katedralskole. For ho er det naturleg å bruka teater som ein del av undervisingsopplegget.

– Eg har alltid gjort det. Og det er jo veldig aktuelt når ein er norsklærar. Elevane synst jo det er kjekt �� gjera ting utføre klasserommet, og så passar det ofte til pensumet, fortel Aksnes.

Ho byrja som vidaregåandelærar i Stavanger i 2008. Sidan då har ho tatt med seg elevane sine på Utlendingen, Jungelboken 2099, Frykten og Haugtussa. I forbindelse med Frykten las kommunikasjon og kultur-klassen novella The birds og såg Hitchcock-filmen med same namn.

– Eg trur dei syntest det var veldig nyttig for teateropplevinga. Då såg dei verkemidla betre, fortel Aksnes.


Skulemateriale og lærarkurs

Ho bruker gjerne skulematerialet, som er tilgjengeleg for nokre av førestellingane.

– Det er jo travelt, og ein rekk ikkje alltid å sjå førestellinga før ein ser han med klassen, noko ein eigentleg bør. Med skulematerialet kan både eg og elevane førebu oss betre til stykket, og me får meir ut av opplevinga, trur Aksnes.

I forbindelse med Haugtussa arrangerte Rogaland Teater eit lærarkurs. L��rarane vart sett inn i temaet og historia gjennom workshops og øvelsar. Det vart mellom anna lagt vekt på nynorskspråket. Og lærarane fekk tips til opplegg dei kunne ha i klasserommet.

– Me måtte gjera dei øvelsane me ville at elevane skulle gjera, som teatersport. Dette gjorde både elevar og lærarar meir førebudd til å sjå stykket, seier Aksnes.

Ho fortel at elevane ofte er delte i tilbakemeldinga; nokre liker stykket, andre ikkje. Aksnes trur uansett teater kan hjelpa elevane å hugsa og forstå ulike tema betre:

– Ein har nok eit nærare forhold til Arne Garborg om ein har sett teateroppsetjinga av Haugtussa. Ofte blir norskfaget litt ”name dropping”. Då er det betre å ta nokre verk og jobba skikkelig med dei. Elevane får betre føresetnader for å forstå andre tekstar. Dei skal jo opparbeida seg ein tekstkompetanse. I tillegg skal dei læra seg teatersjangeren, påpeiker Aksnes.


Aktualiserer

Til hausten har ho lyst å ta med elevane på alle dei tre hovudsceneproduksjonane; Peer Gynt, Alice og Sonny. Tre ulike, men lærerike, stykke. Aksnes bruker teater i undervisinga i begge sine fag. Men ho trur nok det varierer kor flinke lærarane er å ta med seg elevane på teater.

– Her på Kongsgård er det nokså vanleg å bruka teater i undervisinga, særleg blant norsklærarar. Eg synst det er kjekt å bruka det som skjer i byen i undervisinga. Då gjer me undervisinga meir aktuelt, og elevane synst det er kjekt. Det er òg noko med det å få opplevingar ein vanlegvis ikkje ville oppsøkt sjølv, meiner Aksnes.

Hu trur ungdommane gjerne gløymer at det finst eit teatertilbod, og at det er meir nærliggande deira kultur å gå på kino.

– Dei kan kanskje føla seg litt framande på teater, og få kjensla av at det er for ”kultureliten”. Det er vel om det er nokon dei kjenner drar dei med, eller om eit stykke ligg nærare deira kultur, at dei går på teater, trur Aksnes.

Teater, ja takk!

Olav Øritsland Eggestøl (19), Marius Auflem (18) og Trude Jacobsen Nytun (19) har nett gått ut frå Stavanger katedralskole, der dei hadde Marita Aksnes som lærar i norsk. Elevane har i hennar regi sett fleire førestellingar ved Rogaland Teater. Den siste var Haugtussa.


Teikna troll på tavla

Før dei såg stykket, fekk elevane i oppgåve å framføra utdrag frå teksten på ein kreativ måte. Dei måtte tolka teksten sjølv.

– Me enda opp med å synga til ein Euro Baby-melodi, medan ein annan teikna troll på tavla, fortel Øritsland Eggestøl.

– Me såg at det var mange måtar å framføra tekst på, seier Auflem.

Dei to gutane har litt ulike meiningar om sjølve førestellinga:

– Haugtussa var fantastisk, meiner Øritsland Eggestøl.

– Det var sært, synst Auflem.

Han går ikkje ofte p�� teater, sjølv om han eigentleg er veldig glad i det:

– Det er andre ting som blir prioritert først, fortel Auflem.


Vil ha meir teater

Dei tre er uansett einige om at det er lurt å bruka teater i skulearbeidet:

– Det er bra å få teoretisk stoff inn gjennom praktisk undervising. Og me forstår meir av tanken bak førestellinga når me har jobba med det på førehand, meiner Jacobsen Nytun.

Auflem meiner det er lettare å fanga elevar i vanleg undervising når dei har noko konkret å jobba mot, som å sjå eit teaterstykke. Og at dei blir meir engasjert av det dei ser på scena når dei har førebudd seg.

– Og det er mykje meir givande læringsmessig å sjå noko på scena enn å berre lesa teksten, synst han.

Øritsland Eggestøl kunne tenkt seg å setja seg ennå meir inn i tekstane:

– Eg vil ha meir teater på timeplanen, men det er viktig å vera bevisst på målgruppa.

– Eg merker at kino er meir prioritert, men det finst ein viss interesse hos oss, meiner Jacobsen Nytun.

– Eg er redd dei fleste på vår alder trur teater berre er gjenskaping av gamle stykke. Men det er jo så mykje spanande som går, seier Auflem.

Hovedsamarbeidspartnere:

Conoco Phillips
OBOS

SAMARBEIDSPARTNER:

Repsol Primær
Lyse

Støttespillere:

Stavanger Aftenblad
Viking Fotball
Clarion Stavanger by Nordic Choice
Stavanger Forum

Eiere:

Kulturdepartementet
Rogaland Fylkeskommune
Stavanger Kommune

Hovedsamarbeidspartnere:

Conoco Phillips
OBOS

SAMARBEIDSPARTNER:

Repsol Primær
Lyse

Støttespillere:

Viking Fotball
Clarion Stavanger by Nordic Choice
Stavanger Aftenblad
Stavanger Forum

Eiere:

Kulturdepartementet
Rogaland Fylkeskommune
Stavanger Kommune

Hovedsamarbeidspartnere:

Conoco Phillips
OBOS

SAMARBEIDSPARTNER:

Repsol Primær
Lyse

Støttespillere:

Stavanger Aftenblad
Viking Fotball
Clarion Stavanger by Nordic Choice
Stavanger Forum

Eiere:

Kulturdepartementet
Rogaland Fylkeskommune
Stavanger Kommune