Abrahams barn - HEDDA-PRISEN FOR BESTE FORESTILLING
- TRE RELIGIONAR; OM LIKSKAP OG ULIKSKAP

Hovedscenen:
7.aug -  18.aug 2012
Abrahams barn - HEDDA-PRISEN FOR BESTE FORESTILLING
- TRE RELIGIONAR; OM LIKSKAP OG ULIKSKAP
ABRAHAMS BARN FIKK PRISEN FOR BESTE FORESTILLING UNDER ÅRETS HEDDAPRISUTDELING.

Alle tre religionane; jødedomen, kristendomen, og islam, gjer krav på Abraham som stamfaren sin, men er det ikkje eigentleg den samme historien fortald på tre ulike måtar?
Gjennom historie, historier og heilag tekst fortel Svein Tindberg og Kjetil Bang-Hansen om tre religionar; om likskap og ulikskap.

I dagens Europa, liksom i Midtausten, lever jødar, kristne og muslimar tett innpå kvarandre. Det muslimske nærveret i Vest-Europa er av relativ ny dato. Men både jødedom og islam har frå gammalt vore ein integrert del av det elles kristne Europa. I Spania, på Balkan og i delar av Aust-Europa har islam til tider vore den dominerande makta, og jødane og dei kristne har levd som minoritetar. I nyare tid har situasjonen for det meste vore omvend. I dag lever eit aukande tal muslimar som minoritet i eit Europa som er grunnleggjande prega av kristen kulturarv, og der fleirtalet reknar seg som kristne.

Sameksistensen mellom Abrahams barn har vore konfliktfylt. Men historia om jødar, kristne og muslimar i Europa er langt meir enn konflikt. Det er også historia om ein fruktbar kulturell, intellektuell og åndeleg vekselverknad, der dei tre religionane har blitt rikare ved å leve tett innpå kvarandre.

- Å fortelje om grunnsteinane i den menneskelige kulturen på scenen kan verke uoverkommeleg, seier Svein Tindberg om sitt arbeid med desse tekstane.
- Men på den andre sida er der ikkje så komplisert som vi vil ha det til. Dette er gode historier! Mi oppgåve er å fortelje ei god histore, med glimt i auget. Eg håpar publikum går ut med eit smil om munnen, men òg med noko meir kunnskap. Vi må vite litt om kvarandre om vi skal kunne bu saman. Må vi ikkje?

"Briljant" Aftenposten
"Informativt, levende og dypt vesentlig" Vårt Land
"Viktig politisk teater" Klassekampen

Billetter: Ord. 350,-/Stud. 120,-/Hon. 175,-

  

Last ned programmet til Abrahams barn her

Gjestespill:
7. til 18. august
Varighet:
2 t og 30 min inkl. pause
Av og med:
Svein Tindberg
Regissør:
Kjetil Bang Hansen
Scenograf:
John-Kristian Alsaker
Lysdesigner:
Ola Bråten
Dramaturg:
Ola E. Bø

Hoved samarbeidspartnere:

Conoco Phillips
OBOS

SAMARBEIDSPARTNER:

Repsol Primær
Lyse

Støttespillere:

Stavanger Aftenblad
Viking Fotball
Clarion Stavanger by Nordic Choice
Stavanger Forum
Hove West
Bouvet

Eiere:

Kulturdepartementet
Rogaland Fylkeskommune
Stavanger Kommune

Hoved samarbeidspartnere:

Conoco Phillips
OBOS

SAMARBEIDSPARTNER:

Repsol Primær
Lyse

Støttespillere:

Viking Fotball
Clarion Stavanger by Nordic Choice
Stavanger Aftenblad
Stavanger Forum
Hove West
Bouvet

Eiere:

Kulturdepartementet
Rogaland Fylkeskommune
Stavanger Kommune