Solaris korrigert
Wat vul Aig bli om du ku kreip frå din vorld til uss?

Hovedscenen:
21.sep -  22.sep 2022
Solaris korrigert
Wat vul Aig bli om du ku kreip frå din vorld til uss?
Året er 2480, og jorda er ikkje leveleg stort lenger. Kan dei tomme oljebrønnane vere eit håp, kanskje ei redning? Sjur Miljeteig har laga eit scifi-inspirert lydunivers basert på synth-nostalgi, abstrakte lydkollasjar og improvisert trompet. Ane Dahl Torp framfører teksten.
 
«Solaris korrigert» av Øyvind Rimbereid vart oppført som fullskala teaterframsyning på Det Norske Teatrets Hovudscene hausten 2015/våren 16 og hausta panegyriske kritikkar og fleire Hedda-prisar - mellom anna for musikken til Sjur Miljeteig, og Ane Dahl Torps tolking av hovudpersonen «Aig».  Framsyninga vart dessutan kåra til «Årets forestilling» av Heddajuryen, og var nominert til Musikkteaterprisen.
I denne konsertversjonen får Miljeteigs musikk og sjølve teksten ein enno større plass.
 
Øyvind Rimbereids langdikt stiller eksistensielle, samfunnsmessige og økokritiske spørsmål og er skrive på eit språk som er ein hybrid av stavangerdialekt, skotsk, engelsk, nederlandsk, dansk og gamalnorsk - kanskje eit resultat av fleirnasjonale samarbeid i oljeindustrien. Diktet har utmerka seg ved å setje det norske oljeeventyret på den poetiske dagsordenen, har hausta Kritikarprisen og er innlemma i Noregs litterære kanon.

Forestillingen vises i samarbeid med Kapittel. Dersom du har kjøpt Kapittelpris-billett så må du huske å fremvise Kaptittelpass når du kommer i døra. 

«En gigantisk performance» VG, terningkast 5
Les anmeldelsen her.

«Fascinerende framtidsfabel» Dagbladet, terningkast 5
Les anmeldelsen her.

Det er som en Kraftwerk-konsert paret med Axel Jensens framtidsfantasier og filmen som Rimbereid speiler i diktet, Andreij Tarkovskijs menneskenære science fiction-reise «Solaris»» Dagsavisen, terningkast 5
Les anmeldelsen her.

Forestillingen fikk Heddaprisen for Beste audiovisuelle design 2016.
Hør på Sjur Miljeteigs musikk fra forestillingen på Soundcloud ved å klikke her:
GREASE
MRS. CHAN

 


 
 
Gjestespill:
21.09.22
Varighet:
1 time uten pause
Av:
Øyvind Rimbereid
Manus:
Ane Dahl Torp
Regi på Det Norske Teatret:
Peer Perez Øian
Lysdesign:
Kyrre Heldal Karlsen
Lyddesign:
Asle Karstad
Trompet og elektronikk:
Sjur Miljeteig
Aig:
Ane Dahl Torp
Foto:
Erik Berg