Jakta på Leni

Lenis plassar liknar ikkje på noko anna du får sjå på teaterscenen i vår: Ein arbeidsledig elektrikar leitar etter kjærasten sin i eit industriområde som liknar på Forus. Eit kor av blomar kommenterer handlinga.
15.02.2021
t v2021 018
Åsmund Ådnøy tekst / Stig Håvard Dirdal foto

Framsyninga byggjer på Øyvind Rimbereids langdikt Lenis plassar frå 2017. Boka fekk overstrøymande kritikk då ho kom ut. “Han er den tydeligste, mest interessante og vidtrekkende lyriske stemmen som synger her i landet akkurat nå”, meinte Aftenbladets bokmeldar Eirik Lodén.

-Eit bilete eg ikkje vart kvitt
Øyvind Rimbereid fekk eit stort publikum med Solaris korrigert (2004), som er ei av dei mest kanoniserte norske bøkene i nyare tid. Solaris korrigert er skrive i eit oppdikta framtidsspråk, der stavangerdialekten har blanda seg med engelsk og blitt ein halvgjennkjenneleg hybrid. 

Brytinga mellom gammalt og nytt, ikkje minst i språket, går òg som ein raud tråd gjennom Lenis plassar.

Solaris korrigert har vore spelt på Det Norske Teatret. Lenis plassar er den første Rimbereid-teksten som vert spelt på Rogaland Teaters scener.

-Ideen med ein mann som går i gatene og leitar etter kjærasten sin, var eit bilete eg ikkje klarte å bli kvitt. Då måtte det skrivast, seier Øyvind Rimbereid.

-Kva vil du seie at teksten handlar om?

- Det er nok òg ei kjærleikserklæring til noko som er i ferd med å forsvinne, om ein mann som er glad i det fysiske arbeidet. Mykje av det fysiske arbeidet har mista statusen sin i dag. Eg høyrer til dømes [gjennom telefonen] at du skriv på tastatur. Det skal eg òg gjere etterpå. Fingertuppane styrer verda i dag, med lette touch.

Blomar!
Under det heile ligg den greske myten om Orfeus og Eurydike. Orfeus mister Eurydike, og prøver å hente ho opp fra dødsriket. Rimbereid kallar det  "sirklar utenfor selve storyen". Og så er det desse blomane som kommenterer handlinga.

-Eg la mykje arbeid i å finne ein tone og eit perspektivskifte i teksten. Blomane deltek jo ikkje i handlinga, det er jo et gammalt grep frå dei greske tragediene med et kor som kommenterer. Dette forsvann jo etter kvart frå dramatikken, særlig med realismen. Det er ein høgst urealistisk dimensjon! Samtidig har det vore heilt sentralt i dramaets historie.

Krim?
Jonas Corell Petersen regisserer når Lenis plassar vert teater. Mange vil hugse han frå oppsetjinga Bank i Norges Bank-bygget på Domkirkeplassen i 2011.

- Er Lenis plassar ein slags krim?

- På ein måte. Han leitar etter henne, og litt etter ei svunnen tid. Han har mista jobben som elektrikar. Dei folka han møter i leitinga etter Leni er opptekne av 
algoritmar og ting han ikkje forstår, seier dramaturg Matilde Holdhus.

- Det er ein krim, men skriven i ein annan sjanger. Ein god krim handlar om meir enn eit brotsverk. Denne handlar mykje om å finne sin plass i verda, i den moderne verda. Han leitar etter Leni på gamle industristader og på campingplassar. Stader som ikkje er internett, seier Jonas Corell Petersen.

- Ja, han er ikkje typen som googlar?

- Nei, han er meir old school. Det er noko draum-/marerittaktig over teksten. Kor lang tid har gått sidan Leni forsvann? Ei veke? Eitt år? Det får vi ikkje vite. Leiteteknikken hans er springande. Kvar leitar han - i seg sjølv eller i byen? Han sjølv og byen lar seg ikkje skilje frå kvarandre. Og dei han møter, er rare, seier regissøren.

Mystiske Forus
Nøyaktig kvar den namnlause elektrikaren leitar etter Leni, vert ikkje sagt. Men les ein teksten med lokale briller, er det ikkje vanskeleg å kjenne igjen Nord-Jæren. 

Hovudpersonen bestemmer seg til dømes for å leite i den nye undersjøiske tunnelen som vert bygd i byen der han bur. Ryfast vart bygd samstundes som Rimbereids bok kom ut i 2017. 

Ein annan stad kjem teksten inn på tyskarane sitt mislukka forsøk på å byggje flyplass. 

Forus flyplass var tenkt som base for bombefly og var i 1940 den lengste flyplassen med fast banedekke, kan ein lese i Stavanger byleksikon. Lenis plassar er altså ei poetisk-estetisk nyting som gjev deg eit sug etter å studere lokalhistorie. Det er ein sjeldan kombinasjon.

- Eg handsamar det konkrete på ein diktarisk måte, eg skyv litt på det. Deler av handlinga går føre seg i eit område som minner om Forus. Forus tyder vel myr eller veg over ei myr. Så det var noko med plassen som gjorde han god å skrive om, særleg når Forus òg er eit bilete på eit økonomisk sentrum. Eg vonar at Lenis plassar seier noko ut over staden i seg sjølv, at teksten òg er ein allegori over nokre sider ved tida vår, seier Øyvind Rimbereid.

Det lokale og det grandiost globale
- Lenis plassar er ei blanding mellom det lokale og det grandiost globale, ei verd der ting går fort. Det er ei blanding mellom det nære og det store, seier dramaturg Matilde Holdhus.

- Kvifor lengtar hovudpersonen tilbake til verda slik ho var før?

- Det var der han fungerte godt. Han er god til å fikse ting med hendene. Han kan finne ut av masse ting som er konkrete og manuelle. Men han kan ikkje finne ut av alt det andre.

- Han klarer ikkje å finne ut av det med dei nye menneska. Dei fungerer på ein annan måte. Samtalene han har med dem, sklir ut. Han forstår ikkje systemene og kodene, seier regissør Corell.

Han fekk assosiasjonar til kommunist-regimas fall i Aust-Europa for drygt 30 år sidan då han las Øyvind Rimbereids tekst om fisk-på-land-elektrikaren.

-Dersom du budde i DDR (Aust-Tyskland) då Berlinmuren fall, var du plutseleg i nytt land, sjølv om du ikkje hadde flytta. Fellesskapet på fabrikken din og barnehagen der kunne forsvinne, og kanskje vart fabrikken selt for 1 Deutsche Mark til eit vesttysk firma. Då står ein der og tykkjer at ein kan ein masse ting, men det er ikkje lenger bruk for deg.
 
Kjedeleg kan vere okei 
Blomsterkoret i Øyvind Rimbereids bok vert med i sceneversjonen, men ikkje i form av ein bukett utkledde skodespelarar. Utan å røpe alle grep i framsyninga, kan vi seie at det ikkje vil bli sagt stort på scena. 

Det kjem til å vere skodespelarar med i stykket, men i ei anna form enn det ein vanlegvis ser på teateret. Scena vert meir ein installasjon som skodespelarane går inn i, og mykje av handlinga får ein berre høyre.

- Det kan høyrest kjedeleg ut å sitje og høyre på nokon som snakkar, men eg trur det kan bli ganske lada, seier dramaturg Holdhus. 

- Det kan godt vere at det vert litt kjedeleg, men det kan òg vere okei, supplerer regissør Corell.

- De er ikkje redde for å gje folk noko statisk?

- Det blir nok statisk på en måte. Men eg trur det blir et rom der ein lyttar mer enn vanlig, seier Jonas Corell.

Den vanskelege ventinga
Dei som er mest fysisk til stades på scena, er tre jenter frå Barne- og ungdomsteateret som skal spele eit barn som ventar.

- Vi hadde mange born som prøvespelte til den rolla. Dei fekk beskjed om at dei skulle sitje og vente på bussen. Dei aller fleste av dei “spelte teater” og viste med heile seg at dei venta, men så var det desse tre som berre sat seg ned og venta. Eg håpar det funkar! Eg har sagt det til dei: Dette er mykje vanskelegare enn å synge og danse: Å vere til stades i eit rom utan å prestere, seier Matilde Holdhus.

Og Øyvind Rimbereid sjølv? Han har vore med på omskapinga frå diktbok til scenetekst, og gjeve dramaturg og regissør slakke tøylar i arbeidet med Lenis plassar. Slik må det vere for å skape godt teater, er Matilde Holdhus og Jonas Corell samde om.

-Uten den fridomen, vert ikkje ei framsyning god. Viss bindingane er så sterke at ein ikkje kan endre på noko.

-Og det vil vel ta mykje av arbeidsgleda frå dykk òg dersom ein har lite fridom?

-Ja, det har vore prosjekt eg ikkje har ville jobba med på grunn av det, seier Corell, og kollega Holdhus følgjer på:

- Dramatikk av Bertolt Brecht, Samuel Beckett, Arthur Miller … det er superstrengt når ein skal setje det opp.

- Det handlar om ein angelsaksisk (engelsk/amerikansk) måte å tenke teater på, som ikkje står sterkt i Noreg, seier Corell.

- I Storbritannia spelar dei greske tragedier med toga-ar og “full pakke”, og Ibsen på ein måte som kjennest framand for oss, seier Holdhus.

Ho har følgt Lenis plassar lenge. Ho var med på å utvikle teksten då ho arbeidde på Dramatikkens Hus. Som konsulent der fekk ho mange tekstar på bordet. Lenis plassar skilde seg ut.

- Mange skriv om miljøkrise, flyktningkrise og Donald Trump. Det er dei mest brennbare sakene i dag, men samstundes kan dei kjennest fjerne. Og då er det kanskje vanskeleg å engasjere seg i dei? spør ho halvvegs.

- Det er veldig få tekstar om arbeidsløyse. Om det å gå på Nav. Sjølv om dette kan høyrest litt sånn “old man yelling at cloud”-aktig ut, var det veldig “yes!” då eg las Lenis plassar.

Lenis plassar har premiere på Intimscenen 28. januar.
 

 
Hjem / Arkiv